Site menu:

Siste Nytt:

25. april 2009:
Kulturdagane med eiga gruppe på Facebook. Kulturdagane Skjolden er namnet på gruppa.

19. april 2009:
Tonereise held konsert på søndag.

11.mars 2009:
Cruisebåten M/S Artemis kommer til å vitja Skjolden 31. mai.



Tonereise

kjem å held konsert på Fjordstova søndag 31.mai klokka 1630
Bilett kr.200,-



Tonereise er basert på songarven etter folkemusikaren Ragnar Vigdal (1913-1991), som i si tid samla hundrevis av gamle religiøse folketonar. Sangstilen til desse tonane var merkt av ei mjuk og bøyeleg melodilinje, med glidetonar, krullar og ekstra sløyfer i tonen - ein tonalitet som ikkje utan vidare kan passast inn i eit klassisk akkordsystem.

Tonereise. Bilde tatt av Iren Vatne

Tonereise tek Ragnar Vigdal sin musikk vidare, og viser at det er slektskap mellom ulike musikalske ytringar. Vi legg også vekt på at det skal vere rotekte musikk.

Sentralt i bandet Tonereise er Ragnar Vigdal sin son Klaus og barnebarna Erling og Ragnar Vigdal.

Henta frå Tonereise si heimeside...

tekst og foto Iren Vatne