Årets første utedans skjer i fjordkanten ved Skjolden Bryggje. Gruppa "Flying Shoes" frå Stavanger skal skape stemninga og ligg så visst ikkje under i kvalitet i høve til kva ein har høyrt frå bryggjekanten tidlegare år. Mange kjenner dei frå konsertar rundt om i landet, t.d. frå Meieriet i Sogndal. Dette er eit coverband i sjangeren country/roots og fleire av medlemane i bandet kjenner vi frå tidlegare bryggjedans med "The Tramps". Mange vil nok også hugse vokalisten i "Flying Shoes", Dag Sindre Vagle, sine gjeste opptredenar med gruppa "Tonereise". "Flying Shoes" gjer nokre få, utvalde spelejobbar kvart år, - og i mai kjem dei til Skjolden.

Ein dugnadsgjeng arbeidar for at du skal ha ei fin oppleving på Skjolden denne helga. Set av siste helga i mai og kom!
Sjå også websida til Skjolden Brygge