|
|
Småturar og Dagsturar
Her er 24 forslag til småturar - dagsturar i Skjolden- og Fortunsområdet og på Sognefjellet.
Turane varer frå 1 time til 7 timar.
På turistinformasjonen på Fjordstova får ein kjøpt eit kart der ein del av turane her er merka av på.
Lett tur
Middels tung tur
Tung tur
Tidsangivelse på rutene er rekna ut frå at ein er i normal god fysisk form.
- Skjolden- og Fortunsområdet
- Fjøsne - Fjøsnastølen - retur. 2t.
 Sti fram til gamal støl. Utsikt over fjorden.
- Mørkrid - Åsetevatnet - retur. 5 - 6t.
 Bratt sti til Åsetevatnet og stølane. Utsikt og fossar.
- Mørkrid - Hørnevollen - Storatjørni 3t.
 Lett tur nederst i Mørkridsdalen, eit frodig og botanisk rikt dalføre. Elv og fossar.
- Mørkrid - Hørnevollen - Storatjørni - Dulsete 4t.
 Lett tur nederst i Mørkridsdalen, eit frodig og botanisk rikt dalføre. Elv og fossar.
- Skjolden - Heltne - Rebni - Rebnisli - retur 4t.
 Utsiktstur forbi høgdegarden Rebni og til stølen Rebnisli. Utsikt over fjorden.
- Skjolden - Sengjaberget - retur. 1 - 2t.
 Utsikt over fjorden, Eidsvatnet og Skjolden.
- Skjolden - Heltne - Rebni - Rebnisli - Skåri - Bolstanosi - retur. 7 - 8t.
 Flott Utsikt utover Lustrafjorden og Hurrungane.
- Galdaneset - Eidshovden - retur. 4t.
 Bratt sti til fjellområdet på austsida av Skjolden. Flott utsikt over Skjolden og Mørkridsdalen.
- Galdaneset - Eidshovden - Lingane - retur. 7t.
 Bratt sti til fjellområdet på austsida av Skjolden. Flott utsikt over Skjolden og Mørkridsdalen, Fortunsdalen.
- Vassbakken - Gjerseggi - retur. 2t.
 Bratt traktorveg fram til fjellgarden Gjerseggi.
- Fortuna Pensjonat - Drægnismorki - Ruskesete - retur. 3t.
 Sti gjennom furuskog til stølen Ruskesete.
- Fortun - Vetleåsen - Furåsen - retur 3t.
 Traktorveg til den fråflytta fjellgarden Furåsen.
- Fortun - Vetleåsen - Fuglesteg - retur 3t.
 Traktorveg til Vetleåsen så sti til den fråflytta fjellgarden Fuglesteg.
- Fortun - Vetleåsen - Fuglesteg - Heimdalen - Berdalen - retur 6t.
 Traktorveg til Vetleåsen så sti til den fråflytta fjellgarden Fuglesteg. Så sti opp til stølen Berdalen. Her kan ein avslutta turen om ein vil sidan det er bilveg til stølen.
- Yttri bru - Lønningane - retur. 3t.
 Sti i gammal furuskog fram til stølen Lønningane.
- Turtagrøområdet.
- Berdalsfjellet (Tindevegen) - Berdalsnosi - retur. 1t.
 Utsikt til fjorden og Skjolden, Eidsvatnet.
- Berdalsfjellet (Tindevegen) - bak Kolnosi - Kolnosi - retur. 4t.
 Høgfjellstur. utsikt til Turtagrø og Hurrungane.
- Ringane - Hurrbak - retur. 4t.
 Utsikt til Skjolden , Fortun og fjella omkring.
- Turtagrø - Nausanosi - Toaren (panoramaturen). 4t.
 Panoramautsikt bl.a. til Hurrungane, utsikt til Fortunsdalen - Skjolden
- Turtagrø - Nedre Dyrhaug - Skagastølen - Turtagrø. 3t.
 Utsikts tur.
- Turtagrø - Ekrehytta - Fanaråken. 7t.
 Fjelltur, fin utsikt frå toppen. Betjent DNT hytte.
- Turtagrø - Ekrehytta - Fanaråken - retur. 7 -9t.
 Fjelltur, fin utsikt frå toppen. Betjent DNT hytte.
- Helgedalen - anleggsveg- Svartafjellet - retur. 5t.
 Fjelltur forbi eit av dei største dyregrav anlegga i landet.
- Helgedalen - anleggsveg- Skautehaugane - retur. 4t.
 Fjelltur
- Huldehaugen (rasteplassen) - Helgedalsnosi - retur. 2t.
 Fjelltur
For fleire fjellturar sjå under Turisthytter
|