Skjolden Info

  Meny
 
 Framsida
 
 Aktivitetar
 Attraksjonar
 Fiske
 Fjordstova
 Husflidsbui
 Kart
 Kontakt oss
 Kulturdagane
 Linkar
 Mørkridsdalen
 Overnatting
 Reise til Skjolden
 Vêret
 

Fjellfiske


Det er mange gode fiskevatn i fjellområda Mørkridsdalen, Fortunsdalen, Sognefjellet og Sørheimsfjella.

Mørkridsdalen (Skjolden Grunneigarlag)
I området til Skjolden Grunneigarlag kan ein fiske med stang og oterline.
Garnfiske er kun lovleg i Åsetvatnet, med inntil 3 garn pr. fiskekort.
Fiske er lovleg frå vatnet er isfri. Forbudt med garnfiske i vatnet etter 20. september.
Ved Åsetvatnet er det båt til bruk for dei som har kjøpt fiskekort.

Gode fiskevatn i Mørkridsdalen
  • Åsetvatnet 839 m.o.h.
  • Storatjørna 320 m.o.h.
  • Soleibotnane - 3 småvatn frå 1030 m.o.h.
  • Austretjørne nedre 1128 m.o.h.
  • Austretjørni øvre 1215 m.o.h
  • Fjellslitjørni 1150 m.o.h
  • Bolstad Sveidalen 1350 m.o.h.
  • Heimsta Rausdalsvatnet 842 m.o.h
  • Fremste Rausdalsvatnet 988 m.o.h
  • Martadalsvatnet 1198 m.o.h.
  • Mørkridselva overfor den lakseførande delen med sideelvar

Fiskekort
  • Dagskort kr.50,-
  • 3-døgnskort kr.100,-
  • Sesongkort kr.150,-

Her får du kjøpt fiskekort.
  • Statoi Skjolden - Nymoen Camping
  • Bolstad Camping
  • Turistinformasjonen (Fjordstova)


Fortun Grunneigarlag - Luster austre statsallmenning
Luster Austre Statsallmenning og Fortun grunneigarlag tilbyr fiskekort og hytter i allmenningen og grunneigarlaget sitt område. Kortet gjeld stort sett for dei store områda Vest-Jotunheimen og Breheimen. Vest-Jotunheimen og Breheimen er høgfjellsområde og blant Noreg sine flottaste villmarksområde.

Ein kan driva sportfiske med oter,stang og handsnøre i denne sona.
Unntak er dei lakseførande elvane samt Berdalsvatnet og eigedomen Ormelid.
Fastbuande i Fortun sokn kan også fiska med garn.
Fjellstyret har garnkort til salg for utanbygdsbuande for fire vatn i Statsallmenningen. Dette kortet får ein kjøpt på Fortun Bensinstasjon og på Statoil Skjolden - Nymoen Camping, Skjolden.

Fiskekort
  • 3-døgnskort kr.60,-
  • Vekekort kr.100,-
  • Sesongkort kr.150,-

Her får du kjøpt fiskekort.
  • Fortun Bensinstasjon
  • Statoi Skjolden - Nymoen Camping, Skjolden
  • Inatur


Sørheim utmarkslag, Mordalen, Sørheim og Feigedalsfjella.

Fiske med stang frå land.
Fiskekort
  • 3-døgnskort kr.100,-
  • Vekekort kr.200,-
  • Sesongkort kr.300,-


Her får du kjøpt fiskekort.
  • Statoi Skjolden - Nymoen Camping, Skjolden
  • Turistinformasjonen (Fjordstova)
  • Vassbakken Kro og Camping
  • Melchior Sørheim, Sørheim
  • Jens Døsen, Sørheim



Leirdalen Bre og Juv har ein spektakulære fisketur på Tunsbergdalsvatnet, den må berre opplevast.
     
 
Skjolden.info © 2006
Skjolden Info er ikkje ansvarlig for innhald på eksterne nettsider.
 
     

Produsert og design av hajobo 2006